Gå til resultater

Direkte-nyheter

Takk

Takk

30. september 2013 - 00:28:32

Takk til alle seglarar og medarrangørar! Vel 700 bilete frå helga er no gjort tilgjengeleg her på nettsida. Desse kan lastast ned i full storleik med programmet Picasa.

Nokre biletglimt frå sundagen

29. september 2013 - 23:45:17




Klikk på biletgalleriet eller sjå picasa-albumet på denne linken

Nokre biletglimt frå laurdagen

29. september 2013 - 23:43:15



Klikk på biletgalleriet eller sjå picasa-albumet på denne linken

Nokre biletglimt frå fredagen

29. september 2013 - 23:39:01



Klikk på biletgalleriet eller sjå picasa-albumet på denne linken

To flotte regattadagar

To flotte regattadagar

29. september 2013 - 14:49:09

Ein fekk gjennomført fire flotte løp sundag. Dermed vart det 8 løp totalt for F18, 9 løp for Melges og Yngling og 10 løp for 2,4 M. No er det kranarbbeid og matservering i klubbhuset før det snart vert premieutdeling.

Fyrste løp er i gang!

Fyrste løp er i gang!

28. september 2013 - 11:21:08

Startområde laurdag

Startområde laurdag

27. september 2013 - 23:18:00

Startområdet vert mellom Rotøyane og Skorpo, altså i nærleiken av startområdet til Hjeltefjordtrimmen.

Hamneplan

Hamneplan

27. september 2013 - 07:59:47

Sjå hamneplanen via denne linken

Program fredag kveld

Program fredag kveld

25. september 2013 - 21:04:53

Kl. 2000 i klubbhuset:
- Presentasjon av kvar klasse
- Skippermøte med info om regattaen/seglingsvedtekter
- Eintypesegling i fortid, notid og framtid
- Sosialt

Flott seglarhelg på gang!

Flott seglarhelg på gang!

25. september 2013 - 20:07:51

Over 30 båter er no påmeldt til KM/RAN Eintype Regatta og Klubbmesterskap for T/H i helga. Eintypebåtane seglar inntil 10 løp på pølsebane medan T/H seglar eit løp på faste merker. Alle møtest på seglarfesten på laurdagskvelden.

Lyst til å vera med? Det er enda ikkje for seint å melde seg på verken til regattaen eller festen.

Påmeldingsfristen for regattaen er no forlenga til torsdag 26. september.

Påmeldingsfristen for festen er fredag 27. september klokka 1200. Dette av di me treng å oppgje kor mykje mat som skal tingast frå Fana Catering.

Meld deg på seglarfesten!

25. september 2013 - 11:48:45


For at me skal vita kor mykje mat som skal tingast frå Fana Catering ber me om at dei som har tenkt seg på seglarfesten snarast melder seg på. Påmelding kan ordnast via denne linken

Post instagrambilete!

Post instagrambilete!

25. september 2013 - 11:43:42

Post dine Instagram bilete med #13rer og dei dukkar opp her på vevsida!

Seglingsprogram for RAN Eintype Regatta

25. september 2013 - 11:22:25

Seglingsprogrammet for RAN Eintype Regatta er no publisert.

Du finn seglingsprogrammet via denne linken

Seglingsprogram for Klubbmesterskap for T/H

25. september 2013 - 11:20:55

Seglingsprogrammet for Rans Klubbmesterskap for T/H er no publisert.

Du finn seglingsprogrammet via denne linken

Seglarfest laurdag 28. september

Seglarfest laurdag 28. september

25. september 2013 - 11:14:42

Seglarfest i Klubbhuset laurdag 28. september
Festen er ein del av RAN Eintype Regatta og RAN Seilforenings Klubbmesterskap for T/H.
Festen er óg avslutningfest for Hjeltefjordtrimmen 2013.

Program
Musikk
Bar
Dans
Underhaldning
Premieutdeling:
- RAN Seilforenings Klubbmesterskap for Tur&Hav
- Hjeltefjordtrimmen 2013.

Festen vil ha varmt/kaldt koldtbord levert av Fana Catering.
Festkontingent kr. 300

Meld deg på via denne linken

HøstCup-finale Yngling

25. september 2013 - 11:11:46

RAN Eintype-regatta er finale i Yngling-serien til Askøy Seilforening.



Sjå denne linken for meir info om HøstCup for klassen.

NorgesRanking for Melges 24

25. september 2013 - 11:07:02

RAN Eintype-regatta er NC5 for Melges 24.



Sjå denne linken for meir info om NorgesCup for klassen.

NorgesCup for 2,4M

25. september 2013 - 11:03:13

RAN Eintype-regatta er NC5 for 2,4M.



Sjå denne linken for meir info om NorgesCup for klassen.

Kretsmesterskap

25. september 2013 - 10:58:45

Regattaen vil ha KM-status for dei klassane som oppfyller KM-krava.



Les Hordaland Seilkrets KM-reglar på denne linken.

Overnatting

25. september 2013 - 10:55:56


• Langvegsfarande kan overnatta i Ranheim. Kapasitet 36 sengeplassar. Fyrstemann til mølla.

Kort presentasjon av regattaen

25. september 2013 - 10:54:31

Pølsebane-regatta for F18, Melges 24, Albin Express, Knarr, Snipe, Yngling, Oselvar, 2,4M og Laser. Regattaen vil ha KM-status for dei klassane som oppfyller KM-krava, NC-status for 2,4M og inngå i Norgesrankingen for Melges.

Inntil 10 seglasar på Hjeltefjorden/Hauglandsosen
• Fredag kveld: foredrag om segling i eintypefelt, rormannsmøte, sosialt
• Laurdag: inntil 6 løp, suppe ved innkomst, seglarfest med koldtbord på kvelden
• Sundag: inntil 4 løp, varmt måltid ved innkomst, premieutdeling

Alle seglasar er fleet race på pølsebane
Løpslengde: 45-60 minutt med 2 krysslegg og 2 lenselegg

Lavpoengsystem
1-3 løp: alle løpa tel
4-7 løp: 1 strykning
8—10 løp: 2 strykningar

• Langvegsfarande kan overnatta i Ranheim. Kapasitet 36 sengeplassar. Fyrstemann til mølla.

• Kranførar tilgjengeleg alle dagar.

Meir info finst i invitasjonen!

Spørsmål/innspel:
Kontakt Kjell Magnus Økland
95 04 67 39
kjellmag@gmail.com

Spre ordet!

Visuell presentasjon av regattaen

25. september 2013 - 10:53:04

Sponsorer:

Arrangører:



Last updated: 2021-06-05 17:41:08Cache read