Gå til resultater

Direkte-nyheter

Pressedekning hos Seilmagasinet

Pressedekning hos Seilmagasinet

14. novemnber 2014 - 10:46:16

Seilmagasinet's Trond J. Hansen har laga ein fin reportasje frå RAN Eintype Regatta i oktobernummeret av Seilmagasinet.

Du kan lesa saka på http://www.seilmagasinet.no/regattasystem/regatta/meny/2941/RANEintypeRegattaiSeilmagokt14.pdf

Streamingsendinga i høgare kvalitet

24. september 2014 - 19:34:58



Her kan du sjå streamingopptaka via Youtube i høgare kvalitet. Førebels er det ikkje inkludert noko meir film (frå F18, Melges og opptak frå startbåten sine kamera), men det kjem i neste versjon.

Meir F18-action - race1 laurdag

22. september 2014 - 16:39:59



Opptak frå NOR 26 Wild Cat med rormann Jean-Marc Launay og mannskap Per Kristian Wister.

Reportasje hos Seilmagasinet

Reportasje hos Seilmagasinet

22. september 2014 - 16:05:12

Seilmagasinet's Trond J. Hansen har i dag ein fin reportasje frå RAN Eintype Regatta.

Du kan lesa saka på http://seilmagasinet.no/id/41351

Fuktig Melges-seglas laurdag

22. september 2014 - 10:48:30



Opptak ombord i Melges'en Partygirl under RAN Eintype Regatta 2014.

F18-segling på laurdagen

22. september 2014 - 10:39:25



Opptak frå SWE 41 med rormann Stian Bruvold og mannskap Jakob Johanson.

Meir multimedia kjem i løpet av mandag

Meir multimedia kjem i løpet av mandag

21. september 2014 - 21:54:38

Det vert mellom anna filmar frå F18 og Melges. Vel verdt å sjå!

Foto frå startbåten

21. september 2014 - 21:41:45



Foto: Kjell Magnus Økland

For direkte link, klikk på denne linken!

Foto frå 2,4MR - sundag

21. september 2014 - 21:26:10



Foto: Espen Børresen

For direkte link, klikk på denne linken!

Bilete frå Partygirl - sundag

21. september 2014 - 21:10:24



Foto: Jørgen Wathne

For direkte link, klikk på denne linken!

Carrera i farta

Carrera i farta

21. september 2014 - 19:08:14

Foto: Kjell Magnus Økland

Glimt frå Ynglingane sin seglas

Glimt frå Ynglingane sin seglas

21. september 2014 - 19:06:26

Foto: Kjell Magnus Økland

Glimt frå 2,4-banen i dag

Glimt frå 2,4-banen i dag

21. september 2014 - 13:25:55

Foto: Espen Børresen

Fleire fotos kjem etterkvart.

Premieutdeling sundag ca klokka 1340

21. september 2014 - 13:05:31

Me tek sikte på å halde premieutdeling oppe i klubbhuset sundag ca klokka 1340. I mellomtida er det servering av mexikansk tomatsuppe og brød.

Førebelse resultat etter sundag

21. september 2014 - 12:55:29

Merk at det er levert ein protest i 2,4-klassen, så resultata i denne klassen kan bli endra etter protesthandsaming.

Frisk dag på fjorden

Frisk dag på fjorden

21. september 2014 - 12:33:06

Nordavind aukande frå 10 til 14 m/s gjorde at ein berre fekk avvikla eit løp på båe banane i dag. Fleire båtar hadde problem i den sterke vinden og av tryggleiksomsyn vart det difor berre avvikla eit løp i dag.

Bilete frå Partygirl

20. september 2014 - 23:13:51



Foto: Jørgen Wathne

For direkte link, klikk på denne linken!

2,4MR - bilete frå laurdagen

20. september 2014 - 21:37:49



Foto: Espen Børresen

For direkte link klikk på denne linken!

Førebelse resultat publisert

20. september 2014 - 18:52:29

Du finn dei via linken i menyen til venstre.

Protesthandsaming pågår

20. september 2014 - 17:16:12

Resultata frå dagens seglasar let diverre venta litt på seg grunna to protestar. Me vonar å få ting publisert før 1830.

4 løp er gjennomført

4 løp er gjennomført

20. september 2014 - 14:10:18

Da er øyeblikkelig alle passert målstreken i løp #4.

Vinden er løyet betraktelig.

Det vil ikke bli seilt flere seilaser i dag grunnet kraftig vind dreining.

Rapport

Rapport

20. september 2014 - 11:59:57

2 løp er avviklet og vi er i gang med start prosedyrer for løp 3.

Regn og noe tåke.

PartyExpressen har trukket seg fra regattaen grunnet sammenstøt med en Melges

Gråvêr og sørleg vind

Gråvêr og sørleg vind

20. september 2014 - 07:52:46

Somme seglarar er i gang med å rigga opp båt, andre tygg framleis på frukosten.

I øyeblikket er det grått vêr, sørleg vind på kring 2 m/s og det har nett vore ei lita regnbyge i Anglevik.

Vêrmeldinga for dagen er:
Hordaland og Sogn og Fjordane Sørlig frisk bris på kysten, liten kuling nord for Fedje. Regn. Fra i ettermiddag vest og nordvest frisk bris. Overgang til regnbyger.

Formidling av årets regatta

18. september 2014 - 21:11:24



For å sjå seglasane kan du klikka på den grøne linken oppe til venstre på sida.

På livestream kan du anten logga inn med eige Facebook-namn, vanleg epost eller du kan logga inn med:

brukarnamn: regattagjest@gmail.com
Passord: heiaheia

Program fredag kveld

Program fredag kveld

18. september 2014 - 10:13:26

2000: Velkomst i klubbhuset

2015: Rormannsmøte ved Kjell Magnus Økland

2030: Foredrag om segling i eintypefelt ved nylig avgått formann i Expressklubben, Trond Sverre Førde. Han vil fortelja om sine røynsler frå tidenes største Kjølbåt-NM, årets Express-NM 2014 der 109 båtar deltok

2100-2400: Sosialt i klubbhuset

Omtale i Seilmagasinet

Omtale i Seilmagasinet

18. september 2014 - 09:27:01

Seilmagasinet har i dag publisert ein fin artikkel om RAN Eintype Regatta.

Sjå saka på
http://seilmagasinet.no/id/41339
!

Seglingsprogrammet er publisert

Seglingsprogrammet er publisert

18. september 2014 - 09:20:08

Seglingsprogrammet for RAN Eintype Regatta er no publisert i menyen til venstre under overskrifta "Om regattaen"

Du kan óg klikka på
http://www.seilmagasinet.no/regattasystem/regatta/meny/2844/SeglingsvedtekterRANEintypeRegatta.pdf
!

Test av streaming onsdag

18. september 2014 - 00:39:59



Her kan du sjå delar av onsdagens test av streaminga. Dette er ikkje ein særskilt spanande film, men det gjer eit inntrykk av kva som er realistisk opplegg til helga.

Ver elles merksam på at hovudfokuset i dag ikkje har vore på å laga godt fjernsyn, men utprøving av ymse tekniske løysningar.

Utvalde "høgdepunkt":
ca 11 min 20 sek: start løp 1
ca 14 min 10 sek: nærbilete av F18
ca 32 min 25 sek: start løp 2 med litt kommentering frå ca 33 min 05 sek
Ca 1 time 01 min 45 sek: test av rekkevidda til trådlaus mikrofon levert til F18

Til helga vil me satsa på å streame i omlag denne kvaliteten (768 x 568). Sidan me lagrar sendinga lokalt på harddisk er tanken å laste dette opp i ettertid til Vimeo eller Youtube i vesentleg betre kvalitet.

Utviding av påmeldingsfristen

Utviding av påmeldingsfristen

17. september 2014 - 22:50:31

Påmeldingsfristen går eigentleg ut onsdag 17. september kl. 24.

Me utvidar påmeldingsfristen til torsdag 18. september kl. 1800.

Har du meldt deg på laurdagsfesten?

Har du meldt deg på laurdagsfesten?

17. september 2014 - 11:36:03

I skrivande stund er det få av eintypeseglarane som er påmeldt til festen på laurdag.

Festen startar kl. 1900. Det blir god mat. Drikke tar hver og en med selv. Noen fra Harmonien, bl.a. vår leder Harald Blø og hans kollega vil spille flott musikk for oss. Det blir også dans til levende musikk. Premieutdeling for Banks Hjeltefjordtrim 2014 og Ran Seilforenings klubbmesterskap for T/H.

Prisen er satt til kr. 300, pr. deltager.

Påmelding kan gjøres her:

https://www.deltager.no/ran-festen_20_september_21082014
!

Del multimedia med oss!

17. september 2014 - 09:07:30



Ran Seilforening vil gjerne sy saman ein samla redigert film av årets regatta.

Dersom du gjer opptak eller knipsar gode bilete så er det fint om du deler det med oss. Send i så fall til ranbilder@gmail.com eller ta kontakt!

Slik blir du med på trackinga

Slik blir du med på trackinga

16. september 2014 - 11:18:53

Informasjon om tracking via RaceQs

RAN Eintype Regatta oppmodar alle deltakarane om å bruka RaceQs gratis for å spore båten under regattaen. Dette gjer høve til å følgja regattaen live samt spela av sporinga i etterkant. Det vil bli sendt ut epost til alle påmeldte båtar med invitasjonslink til fylgjande tre hendingar:

Ran Eintypeserie onsdag
Ran Eintype Regatta laurdag
Ran Eintype Regatta sundag

Det kjem link til desse i det grøne live-feltet på http://www.seilmagasinet.no/regatta?regatta=1416
Sjå elles www.raceQs.com for meir info og demonstasjonsvideoar.

Instruksjon for oppsett på telefon
1. Last ned gratis app RaceQs til din Android eller iPhone
2. Opne app’en og logg inn med eksisterende Facebook eller Gmail konto, alternativt kan
du laga ein ny konto ved å bruke ein e-post adresse.
3. Gå til settings og legg inn namn og seglnummer samt lengde på båten.
4. Du bør óg auka «Recording time» under «Auto shutoff» til maksimum for å unngå at
sporinga stoggar før regattaen er ferdig.
5. Ha fullada batteri for å unngå at han stoggar undervegs.
6. Dersom du ynskjer «live» tracking skrur du på «Live Streaming». Dette vil gjera det meir interessant for dei som føl regattaen live via nettet.
7. For å starta sporinga kan du anten bruka «preset start» i settings
eller trykkja «Start tracking» på skjermen når det til dømes er 10 minutt att til start.
8. Sporinga vil automatisk bli lasta opp anten «live» om du har
valgt det og har dataforbindelse eller så vert sporinga sendt når
trackinga vert stogga og du har nettforbindelse.

Spør gjerne andre seilere, same system vart nytta med suksess under Bergen Singlehanded 2014 og Hauststormseglasen 2014.

Slik ser du trackinga

Slik ser du trackinga

16. september 2014 - 11:16:11

Klikk på grøn live-link i menyen til venstre

Logg inn med anten eigen Facebook-konto eller eigen epost.

Slik ser du streaminga

16. september 2014 - 10:09:36

Klikk på grøn live-link i menyen til venstre

Logg inn med anten eigen Facebook-konto, eigen epost eller med fylgjande brukarnamn: regattagjest@gmail.com
passord: heiaheia

Onsdag: test av livestreaming

Onsdag: test av livestreaming

16. september 2014 - 09:56:21

Onsdag 17. september vert det som vanleg eintypeserie med inntil fire løp på pølsebane. Fyrste varselsignal går klokka 1830. Då vil me prøva ut streaming-opplegget frå kl. 1820.

For å sjå seglasane kan du klikka på den grøne linken oppe til venstre på sida. På livestream kan du anten logga inn med eige Facebook-namn, vanleg epost eller du kan logga inn med
brukarnamn: regattagjest@gmail.com
Passord: heiaheia

Hugs påmelding til seglarfesten

Hugs påmelding til seglarfesten

16. september 2014 - 09:46:11

For å kunne tinge mat til nok personar er me avhengig av at folk melder seg på festen. Les meir om festen på http://www.seilmagasinet.no/?regatta=1416&id=2763&type=Side

Formidling av årets regatta

15. september 2014 - 23:02:36

Promo-film

15. september 2014 - 23:00:09

Velkommen til årets regatta!

15. september 2014 - 22:58:26

Ran Seilforening inviterer til pølsebane-regatta for F18, Melges 24, Albin Express, Knarr, Snipe, Yngling, Oselvar, 2,4M og Laser.

Inntil 10 seglasar på Hjeltefjorden/Hauglandsosen på to baneområder:
• Fredag kveld: foredrag om segling i eintypefelt, rormannsmøte, sosialt
• Laurdag: inntil 6 løp, suppe ved innkomst, stor seglarfest om kvelden
• Sundag: inntil 4 løp, mat ved innkomst, premieutdeling

Alle seglasar er fleet race på pølsebane
Løpslengde: 45-60 minutt med 2 krysslegg og 2 lenselegg

Lavpoengsystem
1-3 løp: alle løpa tel
4-7 løp: 1 strykning
8—10 løp: 2 strykningar

• Langvegsfarande kan overnatta i Ranheim. Kapasitet 36 sengeplassar. Fyrstemann til mølla. Booking her!

• Kranførar tilgjengeleg alle dagar.

Les meir info i invitasjonen!

Meld deg på no!

Spørsmål/innspel:
Kontakt Kjell Magnus Økland
95 04 67 39
kjellmag@gmail.com

Spre ordet!



Arrangører:



Last updated: 2021-06-02 11:50:31Cache read