Stor seglehelg på gangRAN Eintype Regatta satser på å streame seglasane

Stor seglehelg på gang

16. september 2014

Komande helg vert ei av årets mest aktive seglhelger på Hjeltefjorden. Truleg vert det over 60 båtar i aktivitet.

Det største arrangementet er RAN Eintype Regatta, i tillegg vil klubbmesterskap for Tur&Hav gå av stabelen. Når ein tek med at Ran sin gode nabo tvert over fjorden, Askøy Seilforening óg arrangerer sitt klubbmesterskap for T/H samstundes samt klubbmesterskap for joller, så vil det seia at det vert mange segl på Hjeltefjorden samstundes.

RAN Eintype Regatta er NorgesCup for klassane Melges, Yngling og 2,4 MR. Vidare er regattaen Kretsmesterskap for Hordaland Seilkrets for alle klassane som tilfredsstiller HSK's sine KM-krav. Regattaen samlar seglarar frå heile Vestlandet, frå Stavanger i sør til Ålesund i nord.I skrivande stund er det påmeldt 28 båtar til eintyperegattaen og 25 båtar til Ran sitt klubbmesterskap. Laurdag samlast alle seglarane til stor seglarfest i Ran Seilforening sitt klubbhus. Her vert det mellom anna premieutdeling for tysdagsserien Banks Hjeltefjordtrimmen der hovudpremien er eit segl til ein verdi av 20 000 kr.

Nytt av året er at seglasane i RAN Eintype Regatta vil både bli gps-spora via telefonen og Ran Seilforening vil streama lyd og bilete direkte frå fjorden. Vidare vil det verta vanleg formidling med bilete og deltakarane kan sjølve dela bilete via Instagram.Det vert inntil 10 seglasar på pølsebane. Det er óg nytt at klassane i eintyperegattaen vert fordelte på to baner.Seglarane i klubbmesterskapet vil segla eit løp på faste merker med start og mål ved Ran Seilforening sitt anlegg i Anglevik.

Sjå meir info på http://www.seilmagasinet.no/regatta?regatta=1416

10 nyeste påmeldinger

Askøy Seilforening

SWE 41

Stian Bruvold

Askøy Seilforening

NOR 755

Erling Tobias Wiik

NOR 254

Torstein Hellebust

Askøy Seilforening

NOR 311

stian soltvedt

Askøy Seilforening

NOR 409

Svein Andre Hol

Røyken Seilforening

NOR 114

Harald Rolfsnes

Stord Seilforening

SWE 379

Erling Gangdal

Bærum Seilforening

NOR 333

Håvard Nordtveit Austefjord

Stavanger Seilforening

NOR 26

jean-marc launay

NOR 25

Julius Yran

Arrangører:



Last updated: 2021-06-02 15:36:36Cache read