Snøføyka: påmeldinga er i gang!Snøføyka går 14. februar på Hjeltefjorden.

Snøføyka: påmeldinga er i gang!

5. februar 2015

Påmeldinga til årets Snøføyka-regatta er no i gang. Forutan seglas på faste merker byr Ran Seilforening på fredagsforedrag med Karl Otto Book og varm suppe etter seglasen.

Ran Seilforening har gleda av å invitera til regatta på Hjeltefjorden laurdag 14. februar 2015. Seglasen er med i HSK's VinterCup 2015.

Reglar
ISAF`s kappseillingsregler 2013-2016 (RRS). Reglane for Vintercupen 2015. Det vert segla i NOR Rating med og uten spinnaker samt doublehanded. Regattaen er underlagt tryggleikskategori 5.

Tidsprogram og baneområde
Fyrste varselsignal vert gitt klokka 12.00. Baneområdet vil vera Hjeltefjorden med start og mål ved Anglevik. Etter seglasen vert det sosialt samvær, varm suppe, bilete frå regattaen på storskjerm og premieutdeling for regattaen i Ran Seilforening sitt klubbhus.

Regattakontor
Regattakontoret er i klubbhuset til Ran Seilforening og har fylgjande opningstider:
Laurdag 14. februar kl. 10.00 – 11.00.
Etter seglasen er regattakontoret ope til ein time etter protestfristen.

Påmelding og informasjon
Startkontingent er kr. 300. Påmeldingsfrist: torsdag 12. februar 2015. Båtar som melder seg på etter påmeldingsfristen må betale dobbel startkontigent. Påmelding og annan info om regattaen finn du via www.ranseil.no, der seglingsvedtekter og klasseinndeling vert publisert seinast fredag 13. februar klokka 18.00.

Oppvarming fredag kveld
Fredag 13. februar klokka 1900 vert det foredrag i Ran Seilforenings klubbhus. Karl Otto Book frå Elvstrøm Sails vil snakka om seglplan, polardiagram og Nor Rating. Det vert lett servering.

Spørsmål i samband med regattaen Snøføyka kan rettast til Leif Jørgen Ulvatne (95 11 95 25)

Velkomen til Ran Seilforening og Snøføyka 2015!

10 nyeste påmeldinger

Bergens Seilforening

NOR 9701

Inge André Utåker

Askøy Seilforening

NOR 11873

Bernt Svendsen

Nordhordland Seilforening

NOR 12144

Jan Vidar Nordstrand

Ran Seilforening

NOR 9723

Sverre Faugstad

Nordhordland Seilforening

NOR 9341

Harald Matland

Åsane Seilforening

NOR 12399

Jarle Vika

Askøy Seilforening

NOR 4352

Gordon Wright

Milde Båtlag

NOR 10091

Geir Einarsen

Askøy Seilforening

NOR 14605

Frank Nyheim

Ran Seilforening

NOR 5763

Rolf Hermansen

Arrangører:



Last updated: 2024-05-17 23:23:40Cache read