Årets regatta vel i hamnTett målgang i 2,4-klassen. Nærmast kamera Sigurd Utbjoe (NOR 130), Trond Sverre Førde (NOR 98), Ronny Tollaksen (NOR 129) og Atle Ottesen (NOR 128).

Årets regatta vel i hamn

23. september 2015

17 båtar i klassane 2,4 mR og Yngling møttest til dyst under årets regatta.

Laurdagen vart banen lagt vest for Bukholm. Vinden var nordvestleg fyrst på dagen 4-5 m/s før han dreide mot nord og kom opp i 4-5 m/s. Litt straum kring startlinja gav både startbåt og styrbordsorienterte seglarar utfordringar i det siste minuttet før start. Ynglingen Batman med skipper Claus Cladyszak imponerte med siger i dei tre fyrste løpa. Mellom 2,4-seglarane var topp-plassane jamnare fordelt, men Trond Huth sikra seg spikrar i løp 2 og 3.

Innimellom løp 1 og 2 hadde Tur&hav-seglarane i Ran Seilforening starten på sitt klubbmeisterskap frå den same startlinja. Deira løp var på faste merker utanfor eintypebanen og måtte avkortast ved Geitanger grunna minkande vind og stor avstand mellom fyrste og siste båt. Det deltok 11 båtar og klubbmeister vart i år Spin Off (First 31,7) med skipper Børre Børresen. Ved innkomsten venta Rolf Hermansen i naustet med varm tomatsuppe til alle seglarane. Laurdagen var det seglarfest i klubbhuset med koldtbord frå Fana Catering. Forutan fyrsisk føde fekk seglarane andeleg føde med historikk som viste at Ran har vore grunneigar i Anglevik i 100 år, jodling og strupesong frå Polka-Bjørn og den no institusjonaliserte eintype-Quiz'en med kvasse spørsmål der mange års seglnerding kom til nytte.

Sundagen starta med eit løp på svak austavind før vinden dreidde mot nord og sto fint resten av dagen. I Yngling-klassen hadde Skvettlappen med skipper Stian Soltvedt ein god dag med tre spikrar. Mellom 2,4-seglarane viste Harald Rolfsnes kvar skapet skulle stå med 1-2-1 som teljande resultat frå denne dagen. Etter regattaen venta kraning og effektiv båtpakking før seglarane fekk servert mat og premiar. Vinnarar etter 10 løp med mange tette duellar vart NOR 114 med Harald Rolfsnes i 2,4-klassen og NOR 105 Batman med skipper Claus Cladyszak vann Yngling-klassen.

10 nyeste påmeldinger

Ran Seilforening

NOR 9666

Børre Børresen

Ran Seilforening

NOR 13574

Bård Henriksen

Ran Seilforening

NOR 5747

Ronny Vågenes

Ran Seilforening

NOR 12459

Kjell Egil Anglevik

Ran Seilforening

NOR 14798

Thorbjørn Kaland

Ran Seilforening

NOR 2620

Jan Erik Iversen

Ran Seilforening

NOR 7315

Håkon Magne Fjæreide

Ran Seilforening

NOR 4827

Niels Tore Lerøen

Ran Seilforening

NOR 7106

Axel Sømme

Ran Seilforening

NOR 11356

Bjørn Vie

Arrangører:



Last updated: 2021-06-08 01:13:04Cache read