Gå til resultater
Annonse:
Annonse:

Direkte-nyheter

VEL BLÅST og takk for denne gong!

VEL BLÅST og takk for denne gong!

25. mai 2019 - 16:20:23

Då takkar me for oss i denne 15.utgåva av SPZ Seilmakeren Doublehanded.

Resultat og tracking finn de her på regattasida.

Fylg oss gjerne på vår eige facebookside "SPZ Seilmakeren Doublehanded". Her vil me etter kvart dela mange flotte bilete som er tatt under denne regattaen. Men er trengs aller fyrst litt søvn - og så deretter tid til redigering av eit stort antal bilete som fotograf Trond J.Hansen har tatt for oss.

TUSEN TAKK for alle bidrag til instagram konkurranse og bilete, videoar og rapportar undervegs. Utan dette hadde det vore svært vanskeleg å produsera denne livefeeden. Håpar påskjøninga frå våre sponsorar SPZ bil, badaboom.no og Store Ringheim hotell & restaurant vert sett pris på - og at det bidreg til hjelp også neste gong.

TAKK FOR I ÅR OG VELKOMEN TILBAKE TIL NESTE ÅR!

På vegne av arrangementskomiteen for SSDH 2019, Giske Berland.

BLÅTT FLAGG for 6 gjennomførte regatta

BLÅTT FLAGG for 6 gjennomførte regatta

25. mai 2019 - 16:14:59

Fridtjov Bergmann
Per haugen
Tor Lohne

Flagg vert ettersendt/utdelt når me får nye, så det vanka blomebukett som erstatning i dag :-)

RØDT FLAGG for 3 gjennomførte regatta

RØDT FLAGG for 3 gjennomførte regatta

25. mai 2019 - 16:13:33

Ragnar Skjølingstad
Rasmus Tørnquist
Terje Klyve
Pål Njølstad

PREMIEVINNARAR i største klasse

PREMIEVINNARAR i største klasse

25. mai 2019 - 16:11:11

NR 1. ZORRO, Thomas Robberstad og Per Haugen
NR 2. WINOCEAN, Carl Olav og Carl Johan Wickmann
NR 3. ZEFYR-3, Petter Sørhaug og Stian Soltvedt
NR 4. KRABBELURE, Henrik Wigers Larsen og Kim Kristoffersen
NR 5. LILLEFIX, Morten Sola og Bent Danielsen
NR 6. AMARYLLIS, Inge Andre Utåker og Stein Håvard Bergstad.

PREMIEVINNARAR i mellomste klasse

PREMIEVINNARAR i mellomste klasse

25. mai 2019 - 16:08:35

NR 1. LEVENS, Willy Forland og Torvald Fossestøl
NR 2. TIGERGUTT, Pål Holst og Pål Njølstad
NR 3. TUSSI, Paul Øyvind Mehammer og Terje Klyve
NR 4. KELSO, Jon Hardie og Pernilla Simolin
NR 5. XEM, Kjell Magnus Økland og Rune Gaasø

Annonse:
PREMIEVINNARAR i den minste klassen

PREMIEVINNARAR i den minste klassen

25. mai 2019 - 16:05:31

NR 1. X-FAKTOR, Harald Matland og Torkjell Tolo
NR 2. CALLUNA, Frode Tverlanger og Tor Lohne
NR 3. SITAREN, Terje Rise og Matthew Kallenberg
NR 4. NOVA, Kristian Bekkenes og Robin Ørnsrud

PREMIEUTDELING kl.16.30

PREMIEUTDELING kl.16.30

25. mai 2019 - 11:21:16

Det vert premieutdeling for den 15.seilmaker doublehanded regattaen kl. 16:30 på seilsportsentert.

Velkomen!

helsing arr.komiteen for #seilmakeren19

Då er BÅTENVÅR i mål som siste båt.

Då er BÅTENVÅR i mål som siste båt.

25. mai 2019 - 11:17:27

MARIANNE og TJORVEN har brote, så då har 32 båtar fullført.

Då er BÅTENVÅR i mål som siste båt.

Då er BÅTENVÅR i mål som siste båt.

25. mai 2019 - 11:17:25

MARIANNE og TJORVEN har brote, så då har 32 båtar fullført.

Målvakten PANPAN...

Målvakten PANPAN...

25. mai 2019 - 11:09:19

Ventar tolmodig på dei siste båtane.

ALNA II med 2 stk SKOG

ALNA II med 2 stk SKOG

25. mai 2019 - 09:31:37

ALNA II med far og son Skog, passerte endeleg mållinja som nr.7 i klassen, etter over eit døger på fjorden.

Det er ei gleda å sjå at GLEDEN er kome i mål!

Det er ei gleda å sjå at GLEDEN er kome i mål!

25. mai 2019 - 09:15:21

GLEDEN med herr og fru Espeseth har passert mållinja etter litt over eit døgn på sjøen. Dei innehar no ein 6.plass i klassen.

Finn har med denne regattaen fullført 9 seilmakeren regatta. Men kor mange har han eigentleg delteke i?

Febersjuk seglar...

Febersjuk seglar...

25. mai 2019 - 09:10:03

Ved mållinja har Nina Rosenlund dukka opp. Ho skulle så gjerne ha segla med VITO, men feber sette stoppar for deltakinga i år.

MATHILDA i mål

MATHILDA i mål

25. mai 2019 - 08:45:13

Bjørn Rundhovde og Arne Øi i MATHILDA passerte mållinja på ein førebels 5.plass etter nesten eit døgn segling. Dei låg bra an tidleg i seglasen, men vindstilla har nok teke dei denne gongen.

Både Bjørn og Arne har no fullført 4.seilmakeren regatta - og har vunne fleire gonger.

VENTUS på veg i mål i sin 15.regatta!

VENTUS på veg i mål i sin 15.regatta!

25. mai 2019 - 08:35:35

Etter ein lang seglas for Kjell Ove Klungrehaug og Jens Åge Ellingsund i VENTUS, er dei no på veg over mål.

Kjell Ove har no som einaste seglar gjennomført ALLE dei 15. seilmakeren regatta som me har arrangert. Gratulera!

SKARVEN og SILJE i mål

SKARVEN og SILJE i mål

25. mai 2019 - 07:52:31

Osbåten SKARVEN med skipper Per Aga og Halvor Aga har passert mållinja til ein 9.plass i den mellomste klassen.

Like bak har Stordbåten SILJE plassert seg på ein 10.plass. Skipper er Roy Nilsen og makker Are Pedersen.

PAPRIKA 2 i mål

PAPRIKA 2 i mål

25. mai 2019 - 07:45:07

PAPRIKA 2 har passert mål til førebels 10.plass i den mllomste klassen. Både skipper Per Højgaard Nielsen og makker Trond Wickmann, har no gjennomført sin 9 regatta (Me er litt usikre på Per sitt antal, men det skal sjekkast opp.)

DEEP SHIT i mål

DEEP SHIT i mål

25. mai 2019 - 07:36:15

Det har vorte ein lang seglas for seascapen DEEP SHIT med skipper Kjetil Knudsen og Oskar Leirgulen frå Bergens seilforening. Dei har no passert mållinja på ein førebels 9.plass i den mellomste klassen.

VANDAL og MITHRANDIR i mål

VANDAL og MITHRANDIR i mål

25. mai 2019 - 07:33:18

I den største klassen har no VANDAL og MITRHANDIR passert mål, på henholdsvis 6. og 7. plass.

VANDAL vert segla av Bård Singstad frå Ran med makker Rasmus Tørquist frå Randsfjord seilforening. Sistenemde segla no sin 3.regatta og vil få det raude flagget.

I Stavangerbåten MITHRANDIR finn me skipper Harald Gellein og Ragnar Skjølingstad. Her og har sistemann segla sin tredje regatta og er kvalifisert for raudt flagg.

OBELIX og FRØKEN SMILLA i mål

OBELIX og FRØKEN SMILLA i mål

25. mai 2019 - 07:24:28

OBELIX med Knut Erik Hjorth og Hans Steinsland har gått over mål til ein førebels 9.plass i den største klassen. Hakk i hel med dei kom FRØKEN SMILLA med Morten Fotland og Stein Arne Kvåle inn til 10.plass.

Knut Erik har med dette gjennomført sin 14. seilmakeren regatta - OG delteke i alle 15 me har arrangert. Hatten av for den prestasjonen! Makker Hans Steinsland har gjennomført 7 regatta - og fekk det blåe flagget i fjor.

CALLUNA inn til førebels 2.plass

CALLUNA inn til førebels 2.plass

25. mai 2019 - 07:21:02

CALLUNA med Frode Haugland og Tor Lohne frå Askøy seilforening passerte no mållinja. Dei la seg inn på førebels 2.plass bak X-FAKTOR i den minste klassen.
Kan Runhovde og Øi i MATHILDA gjera noko med desse?

Tor Lohne har no gjennomført sin 6. seilmakeren regatta og vil dermed få blått flagg under premieutdelinga. Frode fekk det i fjor og har no 7 gjennomførte regatta.

SITAREN og NOVA i mål

SITAREN og NOVA i mål

25. mai 2019 - 07:05:37

Stavangerbåten SITAREN med Terje Rise og Matt Kallenberg, har passert mållinja og plassert seg på ein førebels 2.plass i den minste klassen.

Deretter kom NOVA med Kristian Bekkenes og Robin Ørnsrud frå Askøy seilforening. Desse har lagt seg på ein førebels 3.plass. Så får me sjå om desse plasseringane held når CALLUNA og MATHILDA etter kvart dukka opp.

KILROY i mål

KILROY i mål

25. mai 2019 - 07:01:38

Etter å ha kjempa lenge i vindstille ikkje langt frå mål, så kan endeleg brødrene Kjell og Steinar Hansen i KILROY passera mållinja. Førebels til ein 6.plass i den mellomste klassen.

Dette er sjuande gong brødrene gjennomfører seilmakeren - og i fjor mottok dei begge det blåe flagget.

Morgonstund med lite vind...

Morgonstund med lite vind...

25. mai 2019 - 06:26:21

Ut frå instagrambilete og det me kan lesa av trackinga, så er det fleire som no ligg omtrent heilt i ro. Bildet er frå CALLUNA, med VANDAL rett framføre.
Vert dei liggande lenge slik så kan pallplassen til Calluna kanskje ryka?

XEM er neste båt til mål i den mellomste klassen

XEM er neste båt til mål i den mellomste klassen

25. mai 2019 - 06:07:29

XEM vert segla av Kjell Magnus Økland og makker Rune Gaasø, Bergens seilforening.

KELSO i mål...

KELSO i mål...

25. mai 2019 - 05:50:13

KELSO med Jon Hardie og Pernilla Simolin, Milde båtlag, har passert mållinja og plassert seg på ein førebels 4.plass i den mellomste klassen. Jon har med dette gjennomført sin 4.seilmakeren regatta.

X-FAKTOR, fyrste båt i mål i den minste klassen!

X-FAKTOR, fyrste båt i mål i den minste klassen!

25. mai 2019 - 05:46:43

X-FAKTOR med Harald Matland og makker Torkjell Tolo passerte mållinja, etter å ha segla i 20 timar pg 35 minutt. Med dette har dei leiinga, men vil det halda heilt inn når resten av feltet kjem til mål?

Harald Matland har no fullført sin 13. seilmakeren regatta. Står plasseringa seg så vil han og sanka godt med poeng i Seilmagasinet sin doublehandranking.

TIGERGUTT og TUSSI

TIGERGUTT og TUSSI

25. mai 2019 - 05:32:56

er komne i mål til førebels 2. og 3. plass i den mellomste klassen. TIGERGUTT vert segla av ein veteran i seilmakeren samanheng, Pål Hols,t med heile 11 fullførte regatta. Makker Pål Njølstad har no gjennomført sin 6.regatta og vil få det blå flagget på premieutdelinga.

Skipper i TUSSI er Paul Øyvind Mehammer har gjennomført 8 seilmakeren regatta. Makker Terje Klyve har gjennomført sin 3 regatta og vil dermed få det raude flagget.

LILLEFIX, ZEFYR og AMARYLLIS i mål

LILLEFIX, ZEFYR og AMARYLLIS i mål

25. mai 2019 - 04:07:18

Etter å kjempa i tet over lang tid så har ZEFYR med Petter Sørhaug og Stian Soltvedt kome i mål til ein 3.plass i den største klassen.

LILLEFIX med Morten Sola og Bent Danielsen frå Stavanger kom over mål rett før ZEFYR og har plassert seg som nr.4.

AMARYLLIS med Inge Andre Utåker og Stein Håvard Bergstad ligg no på ein 6.plass i denne klassen.

SERENITY i mål

SERENITY i mål

25. mai 2019 - 03:51:57

SERENITY med Fridtjov Bergmann og Magne Aalen, Bergens seilforening, er neste over mållinja etter 18 timar og 50 minutt nonstop segling til ein førebels 4.plass i den største klassen.

LEVENS er fyrste båt over mål i den mellomste klassen!

LEVENS er fyrste båt over mål i den mellomste klassen!

25. mai 2019 - 03:47:40

Det byrjar å dra seg til no når det har ljosna til - og fleire båtar nærmar seg mållinja. NOR-11341 LEVENS med Willy Forland og Torvald Fossestøl er fyrste båt i mål i den mellomste klassen. Men kva plassering det vil halda til?

KRABBELURE i mål

KRABBELURE i mål

25. mai 2019 - 03:34:38

KRABBELURE med skipper Henrik Wigers Larsen og makker Kim Kristoffersen, begge frå Bergens Seilforening, er nr 3 til å passera mållinja etter å ha segla i vel 18 timar og 30 minutt.

X-FAKTOR har teke tilbake leiinga

X-FAKTOR har teke tilbake leiinga

25. mai 2019 - 03:14:25

I den minste er no veteran Harald Matland i X-FAKTOR tilbake i leiinga, framføre CALLUNA og SITAREN. Likeeins som i dei andre klassane, så er ingenting avgjort.

LEVENS i teten...

LEVENS i teten...

25. mai 2019 - 03:10:38

LEVENS har tatt leiinga i den mellomste klassen, no framføre TIGERGUTT og TUSSI på henholdsvis 2. og 3.plass.

WINOCEAN i mål som nr 2 i feltet.

WINOCEAN i mål som nr 2 i feltet.

25. mai 2019 - 03:00:16

Etter ein tøff innhenting etter runding så er WINOCEAN i mål som nr 2 i feltet bak ZORRO. Men kva plassering held dette til? Akkurat no ser du ut som ein 3.plass i klassen, men det er små marginar - og spørsmålet er om konkurrentane ZEFYR, LILLEFIX, LEVENS, KRABBELURE, SERENITYfår nok vind i segla eller om dei havnar i ei stille?

Far og son Wickmann i Team WINOCEAN har no fullført sin 8. seilmakeren regatta.

Stilnar det?

Stilnar det?

25. mai 2019 - 02:51:23

Etter å hatt god fart lenge, så ser du ut som det er vorte lite vind - slik som det ofte er på denne tida av døgnet. WINOCEAN jobbar hardt no for å kunna nå mållinja.

TIGERGUTT har segla seg oppover på lista..

TIGERGUTT har segla seg oppover på lista..

25. mai 2019 - 02:00:04

Etter ein svak start har TIGERGUTT med Pål Holst og Pål Njølstad segla seg kraftig oppover i natt. No klokka fire er dei som nr.3 i den mellomste klassen, bak LEVENS og TUSSI. Det ser førebels ut som at dei som valde å gå ut etter rundinga har lykkast med den taktikken.

CALLUNA har tatt leiinga i den minste klassen

CALLUNA har tatt leiinga i den minste klassen

25. mai 2019 - 01:42:09

Etter å ha segla ut i havet på vegen nordover etter runding, så har brått CALLUNA med Frode Haugland og Tor Lohne tatt over leiinga i den minste klassen framføre X-FAKTOR og SITAREN. Kan dei halda unna fram til mål?

ZORRO i mål!

ZORRO i mål!

25. mai 2019 - 01:01:36

ZORRO med Thomas Robberstad, Stavanger Seilforening og Per Haugen, Oppegård Seilforening - har passert mållinja som fyrste båt etter 16 timars segling!

No vert det spennande å sjå kven som stikk av med sigeren i den største klassen. Vert det ZEFYR eller WINOCEAN som har kniva med i siste del av løpet?

LEVENS og TUSSI, no på pallplass

LEVENS og TUSSI, no på pallplass

25. mai 2019 - 00:48:44

Etter å ha gått utaskjers etter runding, så har no LEVENS med Willy Forland og Torvald Fossestøl - og TUSSI med Paul Øyvind Mehammer og Terje Klyve klatra til henholdsvis 2. og 3.plass i den mellomste klassen.

WINOCEAN klatrar på lista...

WINOCEAN klatrar på lista...

25. mai 2019 - 00:22:12

Nok ei gong har Carl Olav og Carl Johan Wickmann segla godt på returen i vår doublehanded regatta. Akkurat no ligg dei som nr.2 i feltet og som nr.3 i den største klassen. Klarar dei å setja inn støtet å kapra 1.plassen i år?

Fyrste båt nærmar seg mål!

Fyrste båt nærmar seg mål!

25. mai 2019 - 00:15:28

Som me antok så har det skjedd store endringar på berre eit par timar.

Det nærmar seg midnatt...

Det nærmar seg midnatt...

24. mai 2019 - 21:40:02

og medan seglarane fortset sin seglas, så tek me oss ein liten pause herifrå. Førebels resultat i dei ulike klassane er omtrent som det har vore siste timane. Det vert spennande å sjå utviklinga når me er tilbake om nokre timar. Har ZORRO og dei andre som gjekk utaskjers fått utteljing på det kontra konkurrentane som gjekk innaskjers?

Siste båt har runda Ramsholmane

Siste båt har runda Ramsholmane

24. mai 2019 - 21:08:20

Då har Jarle Vika og Bjørn Andersen som seglar MARIANNE, kome seg rundt Ramsholmane og er på veg nordover mot mållinja.

No vert det spennande å sjå om vinden står seg utover natta - og kva utslag dette vil gje for dei ulike båtane.
Erfaringa viser at ingenting er avgjort på dette tidspunktet i regattaen.

INSTAGRAM

INSTAGRAM

24. mai 2019 - 20:48:31

Om du sjekkar ut emneknaggen #seilmakeren19 på instagram så kan du sjå korleis seglarane har det undervegs i regattaen. Dei siste som er lagt ut no viser korleis det ombord hjå Team WINOCEAN no i kveld.

DEBUTANTAR...

DEBUTANTAR...

24. mai 2019 - 20:35:21

I ein regatta som denne så er det mange gjengangarar år etter år, og det er me sjølvsagt veldig glade for. Men det som er endå kjekkare er når det kjem med nye seglarar i seilmakeren-samanheng. I år har me fleire debutantar, så sei HEI til fyrstereisgutane i TJORVEN; Kåre Skjelanger, Nordhordland Seilforening og Hans-martin Zeil, Bergens seilforening.

Dei seglar i den minste klassen med sin Bavaria 41, og akkurat no ligg dei på ein hederleg 6 plass. Men det er tett og det endrar seg fort.

UT I HAVET...

UT I HAVET...

24. mai 2019 - 20:29:24

Av 34 startande båtar er det kun 7 som har valt å gå utaskjers etter rundinga ved Ramsholmane. ZORRO var fyrst ute og ligg litt lenger framme enn skjermbildet viser. WINOCEAN med far og son Wickmann har no god driv der ute og det same ser det ut som KRABBELURE med skipper Henrik Wigers Larsen og Kim Kristoffersen og har.

Dei andre som har gått utaskjers er LEVENS, TUSSI, TIGERGUTT og CALLUNA. Så spørs det, var det dette eit smart trekk kontra dei som er gått innaskjers - eller ikkje?

Innaskjers og opp Nyleia...

Innaskjers og opp Nyleia...

24. mai 2019 - 20:17:25

ZEFYR og SERENITY er no på veg opp mot Nyleia med ein fart på 5-6 knop. Hakk i hel kjem AMARYLLIS og LILLEFIX. Så spørs det om kva side av fjorden dei vel oppover, Bømlasida eller Stordsida? Kvar står vinden og kor er det straum?

VANDAL i leiinga i den mellomste klassen

VANDAL i leiinga i den mellomste klassen

24. mai 2019 - 19:35:58

Bård Singstad, Ran seilforening og Rasmus Tørquist, Randsfjord seilforening leiar den mellomste klassen i VANDAL. Likeeins som DEEP SHIT OG XEM har dei valt å gå innaskjers nordover. Deretter fylgjer KELSO, SILJE og LEVENS på dei neste plassane etter 10 og ein halv time med nonstop segling.

Innaskjers eller ut i havet?

Innaskjers eller ut i havet?

24. mai 2019 - 19:18:03

Kva lønnar seg no etter runding, å gå den trygge løpet innaskjers eller å gå ut i havet? ZORRO og eit par andre båtar har valt det siste, medan bl.a. ZEFYR, AMARYLLIS og LILLEFIX har gått innaskjers og har med dette valet overteke leiinga i den største klassen. Men her kan framleis mykje endra seg, så som vanleg så er ingenting avgjort på dette tidspunkt i regattaen.

ZORRO har runda Ramsholmane som fyrste båt!

ZORRO har runda Ramsholmane som fyrste båt!

24. mai 2019 - 16:51:19

Etter 7 timar og 40 minutts segling har Stavangerbåten ZORRO med Thomas Robberstad og Per Haugen, runda Ramsholmane som fyrste båt. Det har gått unna nedover, så no vert spenninga om kor lang tid dei brukar opp att? Og står vinden seg utover kvelden og natta?

JENNY.E., snittalder 72 år på mannskapet!

JENNY.E., snittalder 72 år på mannskapet!

24. mai 2019 - 16:01:14

Ein vert aldri for gammal til segling og regatta, det seier karane i JENNY.E med Øyvind Fjeldsbø og Thor Olsen frå Ran Seilforening. Snittalderen er 72 år i dagens regatta, medan når dei seglar Hjeltefjordtrimmen med større mannskap så er snittalderen 74 år. Slå den de!

Etter 7 timars segling ligg dei no på 6.plass i den mellomste klassen.

RINGREVANE i den minste klassen...

RINGREVANE i den minste klassen...

24. mai 2019 - 15:47:30

Bjørn Rundhovde og Arne Øi i MATHILDA knivar i teten med Harald Matland og Torkjell Tolo i X-FAKTOR. Like bak kjem Stavangerbåten SITAREN med Terje Rise og Matthew Kallenberg. Sistnemde har vunne Seilmakeren fleire gonger med MARILD.

DEEP SHIT..

DEEP SHIT..

24. mai 2019 - 15:33:19

med Kjetil Knudsen og Oskar Leirgulen frå Bergens seilforening held leiinga i den mellomste klassen, framføre VANDAL med radarparet Singstad/Tørquist og XEM med Økland/Gaasø.

Vestom Bømlo eller Nyleia-Stokksundet?

Vestom Bømlo eller Nyleia-Stokksundet?

24. mai 2019 - 15:17:00

Kva har eigentleg lønna seg i dag? Akkurat no ser det ut som at dei båtane i minste og mellomste klassen, som har gått Nyleia-Stokksundet har havna litt bakpå kontra dei som har gått vest om Bømlo.

Men, her endrar det seg fort.. Det er mange timar att og mykje som kan skje enno.

ZEFYR samlar trådane...

ZEFYR samlar trådane...

24. mai 2019 - 15:00:57

Regattasjefen prøvde å ringa Stian Soltvedt for å få ein rapport om stoda der framme i teten, men det var ingen kontakt å oppnå. Ikkje rart når me kan sjå på deira eigen direktesending på facebook, at her har spinnakeren blåst avgårde!
Så no samlar dei trådane og susar vidare, framleis som nr 2 i feltet og leiing i den største klassen. Ein fin dag på fjorden i fylge Stian.

Litt meir frå starten, mot Sotrabrua i føremiddag.

24. mai 2019 - 14:27:05

Rett etter starten i Hauglandsosen i føremiddag

24. mai 2019 - 14:22:04

God fart!

God fart!

24. mai 2019 - 14:14:17

Trackinga viser no at ZORRO dundrar nedover i ein fart på 10 knop, så her går det unna!

Det går unna nedover!

Det går unna nedover!

24. mai 2019 - 14:09:55

I den største klassen leiar ZEFYR, framføre ZORRO, deretter PAPRIKA2 og med VENTUS hakk i hæl. Men det skiftar fort mellom desse - og spørsmålet er om kor langt er dei ulike båtane kome når vinden roar seg i kveld.

OBELIX på veg mot Stolmen

OBELIX på veg mot Stolmen

24. mai 2019 - 13:54:14

...og dei melder om 18 knops vind og flotte forhold.

Etter ein litt dårleg start...

Etter ein litt dårleg start...

24. mai 2019 - 11:24:33

så rapporterer Morten Fotland og Stein Arne Kvåle i FRØKEN SMILLA om at dei er byrja opphentinga.

ZORRO har tatt teten

ZORRO har tatt teten

24. mai 2019 - 10:43:20

Som ein kan sjå på skjermbildet frå trackinga, så er det ei allereie ei god spreiing på feltet - med Stavangerbåten ZORRO i teten.

God seglas!

God seglas!

24. mai 2019 - 09:39:56

I sol og passe vind gjekk starten kl.11.00 ute i Hauglandsosen i dag. Med 3 sjukdomsforfall var det 34 båtar på startlinja som har teke fatt på turen sørover.

Når startbåt er tilbake i havn - og me har fått lasta opp litt bilder og film, vil me få lagt ut meir her og på facebooksida til regattaen.

Klar for start...

Klar for start...

24. mai 2019 - 07:42:33

Då er både seglarane, arrangementskomiteen og vår hovudsponsor SPZ Bil AS klar for årets regatta.

Starten går kl.11.00 i Hauglandsosen.

RORMANNSMØTE kl.09.00

RORMANNSMØTE kl.09.00

24. mai 2019 - 06:35:57

Siste registreringane pågår, kun eit par igjen så er me der - og me er klar for rormannsmøte kl.09.00.

Roen senkar seg over seilsportsenteret...

Roen senkar seg over seilsportsenteret...

23. mai 2019 - 20:37:25

Og som vanleg er det alltid nokon som må reparera noko kvelden før regattastart.

Hugs registrering frå kl.07.30 i morgo tidleg. Fint om de ordnar det så fort som mogleg, då rormannsmøtet startar presis kl.09.00.

Følg trackinga på telefon eller datamaskin

Følg trackinga på telefon eller datamaskin

23. mai 2019 - 18:31:00

Last ned appen TracTrac på telefonen din og fylg trackinga der - eller du fylgjer den via link i menyen over her i morgo frå kl.11.00.

SPZ Seilmakeren Doublehanded på facebook

SPZ Seilmakeren Doublehanded på facebook

23. mai 2019 - 17:22:50

Følg gjerne regattaen på vår eige facebookside. Der legg me ut ein god del meir - og kanskje litt anna enn her på livefeeden.

Registrering

Registrering

23. mai 2019 - 17:06:15

Registreringa er i gang - og regattakontoret held ope fram til kl.21.00. Det er fint om så mange som mogleg ordnar registreringa no i kveld, så vert det mindre hektisk i morgo tidleg.

Fredag vert det registrering frå kl.07.30 til 09.00. Rormannsmøtet vert avhalde i 2.etasje i servicebygget og startar presis kl.09.00.

Endring i seilingsbestemmelsene, pkt.2.8.

23. mai 2019 - 07:39:39

Seilingsbestemmelsene, pkt 2.8 om egenerklæring, endres fra
2.8 Egenerklæring skal leveres hurtigst mulig på regattakontor etter målgang. Egenerklæringskjemaer er vedlagt seilingsbestemmelsene.

til

2.8. Egenerklæring skal fylles ut, og på forespørsel fra regattasjefen leveres på regattakontor etter målgang, eventuelt tas bilde av og sendes regattasjefen etter slik forespørsel. Egenerklæringskjemaer er vedlagt seilingsbestemmelsene.

En fil me dette innholdet er lagt ut under "for deltagerne"

Hilsen Regattasjefen

Velkomen til regatta!

Velkomen til regatta!

23. mai 2019 - 07:38:10

Me startar med registrering på seilsportsenteret frå kl.18.00 og fram til kl.21.00 i dag.

Annonse:

Hovedsponsor:

Øvrige sponsorer:

Arrangører:



Last updated: 2019-06-19 07:37:54Cache read