Ser fram til nattseglas

Ser fram til nattseglas

17. juni 2011

Sunnhordland/Henrik Mundal Andreassen

Arrangøren satsar på 50 båtar til start under årets Stord rundt regatta.

– Me har så langt 27 påmelde, men me er rimeleg sikre på at over 40 kjem. Me satsar på ein kring 50, seier leiar i Stord seilforening, Roy Nilsen.
– At ikkje så mange er melde på, kan ha ein samanheng med vêrmeldinga, meiner Nilsen.

Det er meldt veldig lite vind i dag. Ved start bør det om lag 4 meter per sekund, men arrangørane håpar og trur vinden aukar.

– Kva er bra med nettopp Stord rundt?

– Det som er så fantastisk flott med seglasen er jo at ein seglar inn i natta. Det er ei fantastisk oppleving å navigere etter fyra, det er ikkje mange seglas som går nattetid her lokalt, seier Nilsen.

Turen startar i kveld, ved Bjelkarøy, like sør frå Flesland. Turen går sørover Korsfjorden og Bjørnefjorden før båtane rundar Sigleflu, seglar Stokksundet mot Bømlabrua, rundt Store Hestholmen og kjem til mål ved moloen på Leirvik. Roy Nilsen reknar med at alle båtane er i hamn ved Leirvik seinast sju timar etter start. Dei raskaste på fire og ein halv time. Etter eit døger i hamn på Leirvik går startskotet nordover att søndags morgon med målgong i Bekkjarviksundet.


Regattaen Stord rundt er eit fellesarrangement i regi av Stord seilforening og Bergen seilforening. I fjor vart 38 båtar med på seglasen, tilsaman rundt 170 personar.
Henrik Mundal Andreassen
henriksunnhordland.no

Nettutgavens versjon finner du her:
www.sunnhordland.no/article/20110617/SPORT/706179979

10 nyeste påmeldinger

Os Seilforening

NOR 10990

Sigbjørn Paus

Milde Båtlag

NOR 11968

Arvid Høgelid

Ran Seilforening

NOR 11935

RONNY VÅGENES

Os Seilforening

NOR 5484

Svein Skoglund

Bergens Seilforening

NOR 12428

Svein Egeland

Åsane Seilforening

NOR 14221

Truls Myrmehl

Bergens Seilforening

NOR 14136

Rune Aasegg

Askøy Seilforening

NOR 11094

Bengt Åge Borge

Ran Seilforening

NOR 11168

Toril Haugsdal

Bergens Seilforening

NOR 13590

MAGNE AALEN

Sponsorer:

Arrangører:



Last updated: 2021-06-02 20:19:01Cache read