frå siste og våtaste trimmen så langt i år. foto Bjørn Vie
Takk til alle som har delteke i Hjeltefjordrtimmen så langt
11. juni 2026
Så var vårsemesteret av Hjeltefjordtrimmen unnagjort.
Under siste trimmen regna det frå start til mål, men trass i dette og at det vart litt klabb og babb med målgangen, så kom alle seg velberga heim att. Så langt har 22 ulike båtar delteke, men maksimalt 12 båtar på ein enkelt seglas. Særleg deltakinga i den minste klassen har teke seg litt opp frå i fjor, med fem båtar på startstreken dei fleste kveldane. Takk til alle som har delteke, og ikkje minst, takk til dei som har arrangert slik at vi andre fekk segla! Takk også til Amund, som har rekna ut og lagt ut resultata etter kvar seglas.
Lat oss alle prøva å få med oss endå fleire på fjorden når me tek til at den 11. august. Men før den tid ønskjer me alle ein fin sommar med mykje segling!