Fjeldberg Rundt - 2015
Fjelberg Rundt går tradisjonen tru, frå Leirvik Hamn, rundt Fjelberg (Sydnessundet) og tilbake til Leirvik hamn. Løpet er ca 19 nautiske mil
NB! Merk at me i år går tilbake til start kl 11:00, då det i fjor viste seg at det å starta seinare, ikkje førte til fleire deltakande båtar.
Dette er ein flott søndagsaktivitet som passer både for båtar med regattaambisjonar, eller dei som berre vil ta seg ein segltur på fjorden. Desse kan då kan stille i tur- klassen utan krav til noko som helst, korkje startkontingent, målebrev eller seglnummer.