Sosialt og bevertning
Båtlaget Njord/Tysnes har inngått eit samarbeid med Mandelhuset AS omkring det sosiale rundt NM arrangementet.
NM Quiz
Fredag 12.08 kl. 2100 invitere me til “NM quiz” på Mandelhuset. Arrangementet er gratis. Her blir det høve til å friska opp i kappsiglingreglar, oselvarkunnskap og anna nyttig eller mindre nyttig kunnskap. Målet er å samla deltakarane for ei kjekk sosial oppladning til seilasane som startar på Laurdag.
NM Fest
Laudag 13.08 kl. 2000 er det tradisjon tru duka for NM fest. Denne vert også arrangert på Mandelhuset. Her vil det bli servert Sjømat og tapas- buffet og dessert. Eit og anna innslag under maten blir det også høve til. Etter maten blir det bryggjedans med livemusikk. NM festen kostar kr. 425,- (drikke kjem utanom). Elektronisk påmelding og betaling på DELTAGER.NO innan 08.08.2016
Øvrig bevertning og overnatting
Mandelhuset set opp ein eigen NM meny for dei som ynskjer å nytta seg av restauranten. I tillegg er det mogligheiter for å få seg noko å eta eller drikka i flytenaustet i hamna på dagtid. Det er reservert to leiligheter i 2 etasje på Mandelhuset for dei av deltakarane som ynskjer overnatting her. Sjå MANDELHUSET for booking og meir info om meny og åpningstider. For informasjon og åpningstider i flytenaustet sjå www.vaagehavn.no. Det er og mogligheiter for meir “spartansk” overnatting i “Njordstø” – klubblokalet til Båtlaget Njord/Tysnes. Send mail til Morten Epland for forespørsel.
10 nyeste påmeldinger
NOR 146
Anders Jelmert
NOR 76
Andreas Gjerstd Kleppe
NOR 85
ANDREAS MARTIN IVERSEN
NOR 49
Roy Kenneth Hansen
NOR 151
Lars Grøteide
NOR 18
Jan Vee
NOR 150
Terje van der Meeren
NOR 13
Olav H. Østervold
NOR 14
Anders Bakke
NOR 41/171
Kjell Magnus Økland