Gå til resultater

Direkte-nyheter

Takk for denne gong!

Takk for denne gong!

20. august 2016 - 21:15:51

Då er den 38. Askøy Rundt i rekkja ferdig.
Ein regatta med lite vind og utsett start, men like vel ein flott regatta.

Premieutdeling er unnagjort og resultata finn du her på regattasida.

No avsluttar me med ein sosial kveld i båthallen,
og felles frukost for dei som ynskjer det i morgo tidleg :-)

Velkomen tilbake til neste år!

Siste båt passerte mållinja 17:54:07

20. august 2016 - 18:02:51

well done sailors!

Mållinje er sett vest av Ramsøy

20. august 2016 - 15:09:01

Mållinje er no sett vest av Ramsøy for alle klassane.

Fyrste start gjekk kl.13.20

Fyrste start gjekk kl.13.20

20. august 2016 - 15:03:39

Deretter neste kl.13.25 og til slutt turklassen kl.13.30 :-)

Starten vart flytta til Herdlaflaket

Starten vart flytta til Herdlaflaket

20. august 2016 - 15:02:16

Endeleg såg det ut til at me fekk nok vind til å la starten gå.

Starten er utsett

Starten er utsett

20. august 2016 - 09:02:35

Starten er utsett pga lite vind - og me flyttar oss litt nordover for ny start.

Ein spent regattasjef er klar!

Ein spent regattasjef er klar!

20. august 2016 - 08:51:24

Regattasjef Finn passar på at medhjelparane får alt med i start- og følgebåt. Straks klar for avgang frå seilsportsenteret.
No kryssar me fingrane for vind ute i fjorden og ved start Askeneset!

Startlister

19. august 2016 - 21:43:01

Startlistene med klasseinndeling og klasseflagg finn du no i menyen under "startlister".

Det kan vera lurt å printa ut desse og seglingsbestemmelsane. Det vil ikkje verta delt ut papirkopiar i startområdet, men det vil vera nokre eksemplar på regattakontoret fram til kl.09.00 i morgon tidleg.

Velkomen til regatta!

Sundagsfrukost!

19. august 2016 - 21:42:45

Til bestillinga av sundagsfrukost i klubbhuset så har me klart å oppgje tolketjenesta i sør sitt telefonnummer.
Tvilar på at dei gidd å stilla med frukost, så om du framleis har lyst på fellesfrukost og ikkje har fått tilbakemelding på din sms - ja då kan det vera lurt å senda ein ny til det som faktisk er Andre sitt telefonnummer - nemleg 906 43 569.

Se alle direkte-nyheter

Sponsorer:

Arrangører:



Last updated: 2021-06-05 14:17:17Cache read