Lyst til å vera med?

Hjeltefjordtrimmen er eit lågterskel-regattatilbod der du kan få prøva korleis det er å segla regatta.

Det finst mange som har lyst til å prøve korleis det er å segla regatta. Samstundes finst det alltid ein båt som treng mannskap. Dei fleste båtane som er med på Hjeltefjordtrimmen ligg i hamn anten hjå Askøy Seilforening i Kollevågen på Askøy eller Ran Seilforening i Anglevik på Litle Sotra.

For å ha god tid til å vera klar når starten går klokka 1830 plar dei fleste seglarane komma til hamna klokka 1700-1730.

Kan eg berre møta på kaien tysdagar klokka 1700?
Ja, det kan du. Men om du ringjer dagen i forvegen, så er det tid til ein prat om kva du vil, noko som kan gjera det lettare å få deg ombord på ein båt som høver for deg. Til dømes kan element som sprek/daff båt, ivrig/rolig mannskap og alder på medseglarar vera faktorar som kan ha innverknad på opplevinga.

Kontaktperson Askøy: Ole Jørgen Michelsen, tlf. 9718690
Askøy Seilforenings mannskapsbørs på Facebook finn du på denne linken

Kontaktperson Ran: Torbjørn Haugsdal, tlf. 98213282
Ran Seilforenings mannskapsbørs på www.ranseil.no finn du på denne linken

Arrangører:

Leverandører:



Last updated: 2023-10-01 18:28:29Cache read